Lindvollåsen sør

1. Kva er Lindvollåsen sør?

Lindvollåsen sør er vårt nye satsingsprosjekt. Ettersom at alle tomter i eksisterende hyttefelt er solgt og flesteparten utbygd skal eit nytt område bygjast ut. Det aktuelle området er terrenget sør-aust for dagens Åsane Hyttegrend. Her skal 55 nye tomter byggjast ut og nye hyttedraumar realiserast.

Her vil det også på sikt komme ei turløype for langrenn som forhåpentlig får ei tilknytning til Lyngmyr ski og turområde og vidare oppover dalen slik at du lett kan komme deg opp i høgfjellet. Dette gjer det mogleg med "ski inn - ski out" opplevelsen.  

I Lindvollåsen sør har du ein unik og sjeldan beliggenheit midt i skogen med utsikt utover heile Saudafjorden, over til fjella på austsida av fjorden, innover til Sauda sentrum, Sauda skisenter og Hovlandsnuten. Terrenget er sørvendt og byr på fantastisk morgonsol, og om sommaren vil sola skinne her heilt til langt på kveld. På grunn av beliggenheten er det ingen periodar i året utan sol, noko som ikkje er sjølvsagt i vestlandsterrenget. 

2. Tomter

Dei 55 tomtene har forskjellig beliggenhet, men alle ligg veldig fint til. På alle vil du få ei unik utsikt. Nokre tomter vil ha meir utsikt til fjorden, andre oppover dalen, men nokre vil ha utsikt til alt. Tomtene vil bli bygd ut på samme måte som eksisterande felt, altså inn i naturen, og ikkje erstatte den.

Tomtene er sjølveigande. Det vil seie at du kjøper tomta for ein eingangssum, istaden for å "leige" den.

Når det kjem til hyttene er det ingen klausul til leverandør, men me har nokre typar design me ynskjer. Åsane hyttegrend består av nøkterne hytter med vanlig norsk hyttestil som passar inn i terrenget. 

3. Er du interresert?

Om dette vekker interesse og du ynskjer meir informasjon kan du ta kontakt med oss. Du finn oss under "Teamet" i menyen, eller på sosiale medier.

Me tilbyr visningar der me tar deg med på en rundtur i terrenget som skal byggjast ut. Me stopper innom alle tomtene eller dei du har sett deg ut i forkant. Dette er gratis og uten forpliktelser. 

Me vil gjerne ha deg med på laget!