Kva kan ein finne på i Sauda?
Enten du er på jakt etter det harmoniske småbylivet, eller det meir avslappande eller actionfylte friluftslivet, så kan Sauda tilby alt du måtte ynskje. Butikkar, Cafear, resturantar, svømmeanlegg, skianlegg og mykje meir kan du lese om lengre ned på denne sida. (Alle nyttige lenker ligg på bunn av denne sida)
Og det beste av alt? Du finn alt innafor 10 minutter!

Alt du kan tenkje deg!
Sauda Skisenter
Sauda kan by på det største skisenteret på heile vestlandet, berre ein 3 minutters køyretur frå Åsane Hyttegrend. Her finn du bakkar som passar for både store og små, erfarne og uerfarne, og om du likar parkkøyring eller å berre cruise gjennom pudderet i skogen. Og selfølgelig kan du sette deg i "Paraplybaren" etter endt dag i bakken for å nyte kva enn du måtte like på afterski!
Ikkje noko å finne på her på sommaren, spør du? Joda! Er du fan av Downhill-sykling eller disk-golf? Då kan du ta turen til Sauda Skisenter for ein god oppleving.
Skisenteret tilbyr også utleige av alt innen Ski- og Snowboradutstyr ++, og instruksjon gjennom Vetlebu!
Sauda Minigolf og Andedammen familiepark
Visse du at Sauda har Noregs største minigolfbane i areal?
Rett utenfor Sauda sentrum finn du Andedammen Familiepark. Her kan ein ta ei kort runde å få eit blikk på alt frå grisar og geiter til fasanar og påfuglar. Å få gå i åpent landskap og frisk luft, mens ein ser på mange ulike dyr og skapningar er kjekt for heile familien. Rett og slett Sauda sin eigne litle dyrehage! Andedammen er åpen for alle døgnet rundt.
Når ein har fullført runden rundt andedammen kan ein avslutte med ein runde eller fleir på Noreg største minigolfbane i areal. Med 18 hol av ulik vansklegheitsgrad har ein ei kjekk stund forran seg, med gledesrus, frustrasjon og konkurranseinnstinkt. Sjekk ut "Sauda Minigolf" på facebook for informasjon og åpningstider!
Allmannajuvet
10 minutt frå Sauda sentrum langs fylkesveg 520 finn ein Allmannajuvet. Dette er eit nedlagt sinkgruveområde som var i drift frå 1881 til 1899. Det seies at i denne perioden vart det henta ut heile 12 000 tonn med sinkmalm! I dag fungerar området som ein turistattraksjon med Cafe, museum og guida turar langs røffe stiar og langt inn i fjellet i dei gamle sinkgruvene. Cafe'en og galleriet ligg i kvar sine spektakulære bygg teikna av den svetsiske arkitekten Peter Zumthor, og står på stylter i det mektige juvet. Turistar frå heile verda kjem til Sauda for å sjå denne attraksjonen!
Merk at åpningstida er begrensa til omtrent midten av Juni til midten av August! Sjekk ut "Allmannajuvet" på facebook eller Visit Sauda for meir info.
Visit Sauda: https://visitsauda.no/allmannajuvet/
Ski- og langrennsløyper
Om ein ynskjer å gå på ski, ake eller gå på randone, finnes det mange moglegheiter til det i Sauda. Me har mange dalfører med forskjellige terreng og oppgkøyrte løyper.
I Saudasjøen, berre ein 5 minutters gåtur frå Åsane, finn ein Lyngmyr ski- og turområdet. Her er det oppkøyrte langrennsløyper som kan nyttast til god trening for alle nivå, samt bakkar godt eigna til aking, leik og morro. Frå Lyngmyr kan ein også gå i turløyper opp til og innover Nordstøldalen. Her er det fine turmogleigheiter på godværsdagane.
I Slettedalen, ein halvtimes køyretur frå Åsane, finn ein vakre oppkøyrte langrennsløyper som strekk seg ei mil innover dalen. Med snøforholda til rette er det mogleg å gå ein nydelig rundtur rundt Slettedalsvatnet. Her er det også fleirne arrangement om vinteren hvis snøforholda tillater det, noko det ofte gjer då Sauda, og spessielt Slettedalen heilt "innerst" i kommunen får ganske mykje snø.
Frå Slettedalen kan ein også gå på randone eller fjellski til blandt anna Kyrkjenuten, Sauda sin høgaste topp som strekk seg 1602 meter over havet. Det finnes nydelege toppar å bestige med både randone og turski over heile Sauda. Me kan anbefale å sjekke ut "Sauda Seven Summits" eller "Visit Sauda" på Facebook for gode turtips.
Åbøbyen med industrihistorie
Er du interresert i industrihistorie, eller nysgjerrig på den store, over 100 år gamle fabrikken som ligg midt i hjartet av Sauda? Då bur du skjekke ut Industriarbeidarmuseet i Åbøbyen. Høyres Åbøbyen kjent ut? Dette er Hagebyen i Sauda og her ligg nemleg store deler av Sauda sin industrihistorie godt bevart i gamle hus, parkar, gater og alèar i amerikansk stil, etter utbygginga av fabrikken for godt over 100 år sidan. Her finn ein historiar om arbeidarklassar, direktørar og maktkamp under industrialiseringa av Sauda, då den fattige landbruksbyga "ingen" kjende til, blei til industribygda som i dag leverar ferromangan til heile verda!
Sauda Fjord Camping
Ynskjer du ein avslappande dag på stranda, med bading, hopping og kanskje ein båttur? Då kan du besøke Sauda Fjord Camping, berre 5 minutter frå Åsane. Her er det vakre strender med fin sand med mogleigheit for å bade i Saudafjorden og å hoppe på trampoline i sjøen. Her er det også båtutleige, leikeplass og hoppepute. Naturleghvis er det også moglegheit for overnatting i ei av campinghyttene, eller i telt, campingvogn og campingbil.
Sjekk ut "Sauda Fjord Camping" på Facebook eller i din nettlesar for meir informasjon.
Saudafjordcamping.no: https://saudafjordcamping.no/






Saudahallen
Er du ute etter muligheten til å kunne bade innendørs eller i oppvarma utebasseng med sklier, stupetårn, boblebad, sauna og badeleiker, eller vera med på aktivitetar som volleyball, innandørs fotball, handball og liknande? Då er Saudahallen staden å oppsøke! Her er det mykje morro for heile familien.
Svømmehallen har ein innendørs del og ein utandørs. Inne er det ein barneavdeling med mykje leiker og grunne basseng og eit 25 meters basseng med stupebrett på 1 og 3 meter, og ei sklie. Ute er det eit eit stort basseng med bobler og sittegrupper, eit barnebasseng, og eit 5 meter djupt, rundt "Haibasseng" med klatrevegg og stupetårn. Her er det også ei lang sklie med tunellar og lys! Sjå Saudahallen.no for meir info.
Saudahallen.no: https://saudahallen.no/

Arrangement
Sauda har mange arrangement i løpet av året. Det største er Saudadagene i Mai, som går over 3 dager og omhandler konsertar, bilkortesje, sykkelritt, helikoptersightsing, andeløp og mykje meir. I oktober er det "Bønder i byn". Då kjem mange bønder og stiller ut dyr, produkter og andre ting dei ynskjer å vise fram frå garden sin. Dette er kjekt for både store og små.
Saudafjellet Maraton har hatt stor suksess etter premieren i fjor, og blir stadig meir populært. Dette er eit av dei råaste idrettsarrangementa her til lands, med moglegheit for deltaking på barneløp, 10km, halvmaraton eller heilmaraton gjennom vill vestlandsnatur, over fjell, gjennom djupe daler og i mål på Rådhusplassen i Sauda.
Hovlandsnuten opp er også ein slager som blir arrangert kvar vår. Dette er eit av Noregs mest populære motbakkeløp og går frå fjorden til 931 meter over havet på snaue 7km gjennom eventyrskogen og opp sherpatrappene, heilt til toppen på Hovlandsnuten. Er du ein av dei tøffaste, så kan du stille i "Sherpaklassen" og gå/springe med 20 kilo på ryggen!
Utenom dette er det proppfult av mindre arrangement gjennom heile året. Alltid noko gøy å finne på! Sjå Saudaferie.no for meir info.
Saudaferie.no: https://www.saudaferie.no/saudadagane/

Golfbanen
Sauda golfbane er ein 9-hulls skogsbane som ligg 5 minutter frå Åsane. Banen opna 2008 i naturskjønne omgivelsar i Saudasjøen. Banen er sjølvbetjent, men det er ynskja at du booker starttid i Golfbox på forhånd.
Sjå Saudagolf.no for meir informasjon!
Saudagolf.no: https://www.saudagolf.no/

Giljafjellhyttå



